Ytre Arna Sanitetsforening.

Ytre Arna Sanitetsforening vart stifta i 1909 med Gudrun Kolderup som formann.

Det første sanitetsforeninga føretok seg var å tilsetje ei sjukesøster på staden.Ho skulle bu på gamleheimen som hadde åpna i 1908. Ho vart lønna av inntekter sanitetsforeninga fekk frå medlemspengar, loddsal, basarar og ved at fabrikken gav årlege løyvingar.

Opp gjennom åra har Ytre Arna Sanitetsforening lagt ned eit omfattande arbeid for staden. Kort kan nevnast kampen mot tuberkolose, opplysningsarbeid for å fremja hygiene og folkehelsa, helseundersøkingar av skulebarn, skuletannhelse. i fleire tilfelle var det slik at sanitetsforeninga tok initiativet til tiltaket og dreiv det i mange år før kommunen tok over.

Ved 50-årsjubileet i 1959 hadde foreninga 664 medlemmer.

Ytre Arna Sanitetsforening er framleis ei livskraftig forening. Dei siste åra har dei mellom anna hatt fokus på å forhindra mobbing på skulen og opplysning om kvinnehelse.