Gamle folk i Gatå.
På 1800-talet var det ikkje noko NAV å ty til om ein trong det. Ein gjekk ei usikker framtid i møte om ein vart sjuk, vart utsett for ei ulykke og når ein vart gammal. Som oftast fall byrdene på familien. Det fans eit fattigvesen, men det sat langt inne å vende seg dit.
I 1870 vart fabrikkstaden eige fattigdistrikt, "Arne Fabrikkers fattigvæsen". Det betod til 1952.
Det første året vart det gitt 177 dalar til fattigstøtte: 97 dalar til "børns opfostring", 60 dalar til midlertidig støtte og 20 dalar til pleie og kur for sjuke.
I 1910 fekk 23 hovedpersonar hjelp frå fattigkassen, 13 kvinner og 10 menn. Alle kvinnene var enten enker eller einslege. Av dei 10 mennene var 8 familiefedrar, ein var enkemann og ein var ugift mann.