På 1950-talet kom det nye svingande tonar også til Ytre Arna

Musikk hadde lange tradisjonar i Ytre Arna. Arne Musikforening vart stifta alt i 1877, Arne Sangforening i 1887.

Men eit nytt musikkspråk vann fram på 1950-talet. Den ekstremt musikalske Vevlefamilien brakte desse tonane til fabrikkstaden. Vevlane trakterte dei fleste instrument: gitar, banjo, trekkspel, trommer, fele og sag.

I 1958 vart Vevlefamilien nummer to i ei landstevling om den mest musikalske familien i landet. Berre slått av familien til Wenche Myhre.

På heimebane trollbandt dei publikum med virtuost spel i mange besetningar i Amatørkonkurransane i Samhold.

På dette bildet ser vi frå venstre framme: Jon Vevle, Judith Hydle, Herman Vevle. Bak: Malvin Vevle, Ole J. Vevle, Kurt Vevle.