Nils Birkeland og Johannes Garnes. Liavegen er pynta til fest
Nils Birkeland og Johannes Garnes var sentrale personar i Arne Sangforening i mange år.
Hytta til Johannes Garnes var eit samlingspunkt for koret under krigen og lenge etterpå. Han hadde vore kasserar då sangforeninga vart nedlagt i 1964. Og det var han som overleverte 12 000 kroner til Tor Bruvik Pettersen då koret starta opp igjen i 1987. Det var ekstra stort at han fekk oppleve nye Arne Sangforening på konsert i Sentrum. Han var svært fornøgd med det han høyrde.
Nils Birkeland var primus motor for dei populære amatørkonkurransane i Samhold på 1950- og 1960-talet.