Arne Sangforening 1962
Songarane på bildet er blant dei siste i første del av Arne Sangforenings lange historie.
Ut på 1960-talet sleit koret med rekrutteringa, og i 1964 vart koret nedlagt etter nesten 80 år.
Arne Sangforening gjenoppstår i 1987!
Med Tor Bruvik Pettersen i spissen starta ein liten gjeng opp igjen koret i 1987, 100 år etter at Arne Sangforening vart stifta.
Koret heldt på navnet og fekk 12 000 kroner som det gamle koret hadde på bok.