Programheftet til Arne Sangforening sitt syngespel Elvæ i 1996

I samband med 150-årsjubileet til Arne Fabrikker i 1996 sette Arne Sangforening opp syngespelet Elvæ. Det blei ein publikumssuksess, og over 2000 såg framsyningane. Arne Sangforening fekk Arna Bydel sin kulturpris året etter.

Etter at mange på den gamle fabrikkstaden hadde følt at mykje hadde gått nedover og blitt vekke, sa ein til seg sjølv: Sjå her, me bur i ei pionerbygd med lange og stolte tradisjonar. Dette er noko me må ta vare på!