Arne Sangforening 1932

Når det skulle vere ei samkome av eit eller anna slag på staden, vende ein seg alltid til Arne Sangforening. Og det var aldri nei i deira munn.

Koret heldt mange konsertar der dei sjølv fekk inntektene, men koret stilte og opp på arrangement for sjømannsmisjonen, sanitetsforeninga, Folkebadet med fleire.

Heilt frå begynnelsen song koret ved alle 17.maitilstellingane og frå 1917 på 1.mai.

Arne Sangforening 1937

Det var elles ikkje berre song på øvingane og framføringane til Arne Sangforening. Koret vart i stor grad drive som eit ungdomslag.

Lærar Vevle starta med å lesa høgt frå klassikarane våre, og den neste dirigenten, Johan Rongved, heldt fram med dette. Denne tradisjonen varte til etter krigen.