På turne til Modalen og Osterøy

Det å reisa vekk og sleppe frå slitet i fabrikkane for ein dag eller to må ha vore befriande. Alt året etter oppstarten leigde koret dampbåten Ole Bull og drog på tur til Modalen.

Ein gong var dei på ein liten turne på Osterøy. Songarane rodde til Valestrand, og derifrå gjekk dei til Vevle. Der song dei nokre songar og gjekk så vidare til Solberg.Om kvelden gjekk dei til Haus, og derifrå fekk dei skyss tilbake til Ytre Arna.