Arne Sangforenining vart stifta 12.oktober 1887
Både 1860-talet og på 1870-talet skal det ha vore sangkor på den unge fabrikkstaden Arne Fabrikker. Men desse fekk kort levetid.
I 1887 ba to sanginteresserte søsken, Signy og Andreas Røskeland, lærar Olav Vevle vere med å danna eit blandakor. Han sa seg villig dersom det melde seg meir enn 25 personar. Det møtte opp 27 kvinner og 23 menn, og då vart Arne Sangforening stifta 12.oktober 1887. Dette koret viste seg å ha livets rett. Arne Sangforening er still going strong.
I vedtektene heitte det at foreninga hadde som føremål å vekke interessa for fleirstemmig sang både hos medlemmene og folket på staden.
I Arne Sangforening var kvinnene frå første stund på lik linje med mennene.