Doktor Krohn var ein støttespelar i Arne Musikforening i mange år

Berre nokre får år etter stiftinga fekk Arne Musikforening problem. Det vart etablert nye tekstilfabrikkar i åra rundt 1880: på Dale, Berger i Vestfold og i Tysse. Mange av medlemmene i musikkforeininga forlet plassen for å arbeida i dei nye fabrikkane.

Men i 1882 slo doktor Henrik Krohn seg ned i Ytre Arna, og han var med å løfta Arne Musikforening. Han var svært musikalsk, spelte fleire instrument og vart den sjølvskrivne leiaren.

Då han låg for døden i jula 1912, møtte musikkforeininga opp utanfor huset hans og spelte julekoralar som ei helsing til laget sin gode ven og medlem.

Det vart opptakten til den vakre tradisjonen med speling rundt i Ytre Arna juledagsmorgon. Kvart år etter dette, bortsett frå 1941, har tradisjonen blitt halde ved like.