Arbeidet i musikkforeininga under krigen
Samhold vart oppkupert av tyskarane straks etter krigsutbrotet, og dermed var Arne Musikforening utan hus. Det vart etter kvart slutt på øvingane, og jula 1941 vart det heller ikkje speling 1. juledag, som det einaste året etter 1912. Frå 1943 tok arbeidet seg gradvis oppatt, og det vart haled konsertar til inntekt for mellom anna "nytt folkeblad" og "skadelidne ved eksplosjonsulykken i Bergen".
Like før freden fall Adolf Frantzen i kamp for Norge
Adolf Frantzen var ein avhalden og god medlem i Arna Musikforening, og meldinga om at han hadde falle vart mottatt med djup sorg. Arne Musikforening heldt minnemøte for han om sommaren, og i Ullvarefabrikken der han hadde arbeidd vart det sett opp minneplate.
Ved fest høyrer det musikk til
Slik lyder det i møteboka når fredsdagen 8. mai blir omtala. Arne Musikforening var på plass og akkompagnerte fredsklokkene som ljoma over landet denne dagen. Alt arbeid i fabrikken stansa, og musikkforeininga gav konsert på "Kringsjå" på Liahaugen og etterpå i parken på Sætre. Aldri hadde "Ja, vi elsker" og "Kongesongen" tona mektigare og vakrare utover staden enn denne vårdagen 8. mai 1945.