Strykemusikken

Opp gjennom åra vart det gjort fleire forsøk på å få i gang strykeorkester i Ytre Arna. På bildet ser vi Knudsen sitt orkester rundt år 1900. Det vart truleg slutt då leiaren Conrad Knudsen reiste frå staden i 1902. Mange av musikarane var og sentrale i Arne Musikforening.

Men også seinare var det strykegrupper i Ytre Arna. "Gamle Stryken" underheldt på festar, basarar og andre tilstellingar. Og på 1930-talet hadde musikkforeininga fast basarorkester.

I 1946 var Arna Salongorkester tatt opp i Arne Musikforening som ein del av foreininga. Men arbeidet gjekk ikkje så glatt, og i 1948 heiter det: "Gruppen har besluttet inntil videre å innstille øvelsene".