Arne Musikforening vart stifta i 1877.
I 1877 kjøpte Arne Fabrikker ein nedlagt fabrikk på Austlandet. Med på kjøpet fylgde 12 blåseinstrument, og med det kunne øvingar ta til. Fabrikken sette som vilkår at at musikkforeininga skulle spele ute kvar søndag om sommaren. Enten på Grønalandet eller i båt ute på Sørfjorden.
Desse sju var dei første medlemmane og vert rekna som skiparar: Aloys Frantzen, tenorbasun, Haldor Gjerstad, 1. B-kornett, E. A. Haugland, tenorhorn, Anders Mæle 2. B-kornett, Helge Mæle, tuba, Johannes Vik, althorn, Nils J. Vik Ess-kornett.
Til å begynna med var det ikkje nok instrument til alle, så de laut skiftast på to og to under øvingane.
Bildet viser Arne Musikforening, Arne Sangforening, Arne Turnforening og arbeidarar rundt 1890.