Musikkstevnet i Ytre Arna i 1936
Arne Musikforening arrangerte Hordaland Musikklag sitt stevne i Ytre Arna 14. juni 1936. Dette var det største arrangementet på staden til no. Det var eit stort løft for foreininga, men alle gjekk inn for oppgava, og folket på staden slutta opp om stevnet.
På bildet ser vi songarar frå songkoret "Vårvon" sammen med musikarane på konserten på stevneplassen i Tuftadalen.
Skryt i avisene for arrangementet
Vi siterer frå "Gula Tidend" sin omtale av musikkstevnet:
"Dei som var med på denne stemna ber med seg ugløymelege minne heimatt. Det var først den måten Arne Musikforening og bygda tok imot gjestene på. Kring husa og i gatene var allstad pynta med grønt og norske flagg, og æresportar var sett opp. Vi fekk inntrykk at det var ei gjestmild bygd vi kom til, og at det rådde ein høg kultur, ja, vi fekk den tanken at ein her hadde greidt å sameina ein høgtståande sivilisasjon mellom arbeidarfolket i fabrikkstroket i Ytre Arna og bondekulturen elles. Er det musikken som har vore sambandslekken?"