Dirigent og kunstnarisk leiar Valter Aamodt

Årsmeldinga frå 1924 fortel at musikkforeininga hadde vore så heldig å få Valter Aamodt som dirigent. Han var komponist, hadde solid musikkutdanning og kom til å løfta Arne Musikforening til eit høgare plan med mykje norsk musikk. Utover i 1930-åra kom musikkforeininga til å utmerka seg på stevne med sine program og framføringar.

Bjarne Eide medlem 1912-1958. Instruktør 1924-1928

Bjarne Eide la ned eit stort arbeid for musikklivet i Ytre Arna. Han var instruktør i Arne Musikforening i dei framgangsrike åra atter at Valter Aamodt hadde tatt over som dirigent. I tillegg var han dirigent i Arna Mannskor og hjelpedirigent i Arne Sangforening i mange år.