Arne Musikforening har lange tradisjonar med turar og utferder

I begynnelsen måtte ein i båt om ein skulle koma seg til og frå Ytre Arna. Musikkforeininga reiste ofte på "lystturar" med søndagsbåten som kom få Bergen om morgonen, gjekk innover Sørfjorden og tilbake til Ytre Arna om kvelden. Dei må ha underhalde på båten, og i 1894 står det oppført ei inntekt på kr. 15.94 på ein slik lysttur.

Dei var og ofte på tur med skøyta eller dampen til doktor Krohn.

Elles står Lindås, Alversund og Fotlandsvåg oppført som turmål. I 1925 gjekk turen til Masfjorden. Denne gongen "med damer". På storturen i 1930 besøkte dei Trondheim, Stiklestad, Oslo og Berger i Vestfold.

På bildet er Arne Musikforening på tur til Halsnøy i 1918 sammen med Haus Skoglag.