Framgang i 1920-åra

Optimismen rår i Arne Musikforening ved inngangen til 1920-åra. I årsmeldinga for 1922 heiter det: "Musikforeningen har alle betingelser for at arbeide sig op i høide med det bedste som nogentid har vært presteret af stedets musikforening".

I 1924 vart det halde seks konsertar. To i Ytre Arna, to på Vaksdal, ein i Salhus og ein på Dale.

Ovanfor ser ein ei oversikt over musikarane i 1929 og kva instrument dei spelar.

På neste side ser ein Arne Musikforening i 1929. Korpset hadde fått nye huer som vart "krømpa" på Arna Pensjonat.