Arne Musikforening med eigen konsert i NRK radio i 1954
Under leiing av dirigent Mikal Kolstad klang tonane frå Arne Musikforening ut over heile landet i juli 1954.
Også ved jubileet i 1952 heldt musikkforeininga radiokonsert.
Arne Musikforening på kanaltur i Malmø i 1957
I 1957 vart Arne Musikforening peika ut til å representera Norges Musikkorps Forbund ved Riksforbundet Sveriges Amatørmusikkårens Riksmusikkstemna i Malmø. I alt 56 deltakarar var med på turen.
Ved avslutninga vart reiseleiaren Johan Valestrand overrekt Gullordenen som er det svenske forbundet si høgste utmerking.
Konsertar i radio og offisielle representantar tyder på at Arne Musikforening no heldt eit høgt musikalsk nivå.