Første konsert

Den første konserten vart halde i Forsamlingshuset 4. november 1877. I årsmeldinga for Forsamlingshuset heiter det: "Det har vært holdt en musikalsk aftenunderholdning, talrigt besøkt og til hygge og fornøielse for tilhørerne".

Dei første åra måtte Arne Musikforening øve ulike stader. Ute, i sjukehuset for smittsame sjukdomar når det ikkje var i bruk, til tider i Forsamlingshuset, i doktor Krohn sitt hus.

Første instruktør var I. J. A. C. Gullaksen. Han budde i Ytre Arna på den tida og dreiv som urmakar. Det heitte seg at han hadde vore trompetar i den tysk-franske krigen i 1870.

Bildet er frå 1896. På neste side finn du navna på musikarane på bildet.