Dirigentar frå Bergen

Det var naturleg å vende seg til Bergen når ein skulle hente dirigentar og musikalsk leiing.

Det var i stor grad militærmusikarar som kom til Ytre Arna for å lære opp dei ferske musikantane.

På bilda ser vi tre av desse som stod for den musikalske leiinga dei første tiåra. Til venstre fanejunkar Carl Ludvig Nilsen, dirigent 1881-82, i midten musikkløytnant og kjend komponist Adolf Hansen, dirigent 1896-99, og til høgre Emil Berger, dirigent 1904-07. Sistnevnde var tilknytt Harmonien og Teaterorkesteret i Bergen.