Sosialistisk kor.
Etter første verdenskrig bles det sterke sosialistiske vinder over Norge. Med Magnus J. Blindheim som innøvar øvde nokre menn i Ytre Arna inn sosialistiske songar. Øvingane vart halde i hytta hans. Der var det så trongt at berre ei stemme kunne vere inne om gongen.
1.mai kom, og det åtte-ni mann sterke koret hadde tre songar på repertoaret. Folk var svært oppglødde over dette nye tiltaket. 1.mai året etter var repertoaret utvida med ein song, og då var dei blitt tolv-tretten mann.
Dette mannskoret kom i gang att i 1926, då under navnet Arna Mannskor. Ei tid gjekk arbeidet godt, med mellom anna ein konsert på Dale med assistanse av Lars Rolland og Ragnar Hodnekvam.
Arna Mannskor fekk ei kort levetid i denne omgang, berre tre år. Innføring av skift i fabrikkane gjorde det vanskeleg å halde koret i gang.