Arna Mannskor i 1942.

Under krigen vart Arna Mannskor viktig. Folk trengte noko å samlast om. Koret hadde tilstellingar i Samhold, Espelandshallen og i Ljoshall på Osterøy. Kyrkjene i Arna var fulle under konsertane deira.

Men ein gong sa koret NEI. Det nazistiske Haus Heradsstyre ba koret stå for ei markering av hundreårsårsdagen til Edvard Grieg.

Etter å ha svart nei til makthavarane vart det på eiga hand sett i gang med Griegprogram. 16.desember 1943 innbaud koret til "lukka" Griegkveld i Samhold. Kormedlemmene selde billettar til dobbel pris, for inntektene skulle gå til å stifta eit gutemusikklag.

Arne Mannskor si haldning vekte oppsikt. For å trassa heradstinget, og så laga sitt eige arrangement vart lagt merke til.