Arna Mannskor i 1959.

Arna Mannskor hadde ein imponerande aktivitet i løpet av dei vel 40 åra koret eksisterte. Var det eit jubileum eller eit større arrangement i Indre eller Ytre Arna var koret med sine dyktige songarar sjølvsagt med.

Men også utanfor bygda markerte Arna Mannskor seg. Nesten alle kyrkjene i Bergen har dei besøkt, dei har sunge i Håkonshallen og Terminus Hall. Elddåpen i Bergen var under Festspela i 1959 på eit Bygdelagsstevne der koret song for 2000 tilhøyrarar.

Mot slutten av 1970-talet sleit Arna Mannskor med rekrutteringa, og i 1979 vart koret lagt ned. Arne Sangforening hadde slutta i 1964, så no var to av bautaene i kulturlivet i Ytre Arna vekke.

Neste bilde viser Arna Mannskor i 1968.