Arna Mannskor.
Arna Mannskor vart stifta i 1937.
Mange av dei første medlemmene hadde vore med i blandakoret Vårvon. Men i fleire år hadde det vore få damer som møtte opp på øvingane. Då skal Bjarne Pettersen ha slått i bordet og sagt: "Dette finn vi oss ikkje i lenger. Vi startar eit mannskor".
Menn frå Indre og Ytre Arna treftest no kvar mandag til øving. I begynnelsen hadde dei ikkje fast øvingslokale. Dei rak rundt på Arbeidsskulen, gymnastikksalen på Gamleskulen og i Samhold før dei fekk fast øvingsrom på Festtangen.
Etter eit par års tid talde koret 40-50 medlemmer, og snart kom det eit tjuetals til.
Alt året etter stiftinga stilte koret opp på Spaniakveld i Samhold då det spanske folket leid under borgarkrigen. Året etter song dei på Finlandskveld då det finske folket leid samme skjebne.