Sangkoret Vårvon.
Blandakoret Vårvon vart stifta 5.november 1914 og fekk ei 23 år lang historie. Koret hadde eit religiøst formål. Det starta opp med 37 medlemmer og med Mons Sletten som dirigent. Den først songen dei øvde inn var "Kjærlighet fra Gud".
Den første konserten vart halde i Indre Arna i 1915, og samme året heldt dei den første konserten i Ytre Arna, då i bedehuset.
I 1917 hadde koret øvd inn eit større verk, Davids 23. salme, og konserten med denne i Ytre Arna kyrkje vart ein stor suksess. Kyrkja var fullsett, og billetørane hadde sitt fulle hyre med å selja billettar, 25 øre for vaksne og 15 øre for barn.