Innlagt vatn og straum kom i 1913 og 1914
Samhold blei brukt både tidleg og seint. Alt i år 1900 måtte det gjerast noko med reinhald og orden. Karolina Olsnes blei ansatt som pedel med ei avlønning på kr 70 i året.
I 1902 vart huset malt utvendig første gongen. Ein malar Bjørge hadde dette arbeidet og skulle ha kr 148,- for jobben. For å mala innvendig fekk han kr 240,-.
Innlagt vatn fekk Samhold frå Arne private vassverk i 1913, og først i 1914 fekk hus i Ytre Arna innlagt straum frå den nye dynamoen i ullfabrikken.
Alt i 1912 var det ønske om utviding. Dårlege tider gjorde at det ikkje før i 1924 blei vedtatt at huset skulle utvidast 5,5m mot nord, og med ein fløy fram mot Samholdsplassen i vest. Ei ny scene og to møterom stod ferdig i 1925.