Lått og løye
Revy og teater var eit populært innslag i Samhold.
I BA i 1936 stod denne annonsa: «Lørdag 1. februar kl 9 opfører Idrettslaget Nornen sin flotte revy i 2 akter og 20 avdelinger. Entre kr 1,-». Også Viking-revyen til idrettslaget Viking i Bergen var populær.
Lystspillteateret kom i 1939 med Jens von Bustenskjold basert på Sigurd Lybeck sin litterære helt.
Dessuten gjesta både frå Komediateateret og Den Nationale Scene Samhold fleire gongar med sketsjar og skuespel.
Kanskje slo dei lokale kreftene aller best an som her på bilde 1 med Henrik «Henken» Hansen og Magnus Nævdal i «Telegrafstolpen og Tilhengeren».
ATIL hadde revyar frå midten av 30-åra og fleire av dei andre laga hadde både skuespel og mindre tablå med barn og ungdomar som aktørar.
På bilde 2 har Arne Sangforening leigd inn Iver Koblick på basaren i 1920.
Bildet 3 viser tre spreke turnarar frå ATIL som like godt kunne vore ein del av ei sirkusforestilling.