Arbeidarrørsla kjem med
Arne fabrikkers arbeiderforening blei stifta i år 1900 og tatt opp som medlem i Samhold, men alt i 1912 vart foreininga oppløyst. I staden fekk det nystarta Arne arbeiderparti overta plassen.
Martin Tranmæl var fleire gongar i Samhold som her i 1937. Det same har svært mange AP- og LO-toppar vore opp gjennom historia.
Arbeiderungdomslaget – eller AUL/AUF – vart etter stiftinga i 1935 periodevis svært aktiv i Samhold. Forutan partimøter og dansar, arrangerte dei revykveldar; «Den Røde Buss» med diverse kabaretar og valgrevyar, var ein gjengangar.