Stor aktivitet. Lite hus. Korleis skulle øvingskveldane fordelast?

Foreiningane fekk faste møte- og øvingskveldar: Losje Trygg mandag, Arne Sangforening tirsdag, Arne Totalavholdslag og Fram onsdag, Arne musikforening torsdag og fredag, Arne Turnforening og Fram lørdag.

Fordelinga av desse kveldane var ein gjengangar til diskusjon i styremøta i Samhold si historie. Eller som A. Nævdal skriv i boka «100 års idrettsliv i Ytre Arna»: «At desse spreke turnarane skulle driva med hoftefest og strekkstøt heile laurdagskvelden medan unge jenter rusla forventningsfulle rundt på vegen i det fiolmjuke halvlyset utan å møta ein skikkeleg kar. Nei, det gjekk ikkje bra». Medlemstalet sank og turnforeninga krov ny øvingskveld.

I 1910 vart det vedtatt nye lover for interessentskapet, og vi merker oss denne paragrafen: «At til bryllup, fester og andre samkomer der det vert nytta rusdrykk, skal huset ikkje leigast ut». Ein krevande paragraf å håndheva skulle historia visa.