Samhold forfell
Blue Waves AS hadde planer om å regulera huset og eigedomen til anna formål, men lykkast ikkje med det. Vedlikehald blei ikkje utført og store deler av bygningen stod utan varme.
I 2015 fekk Arne Musikforening leiga huset til lager for «lopper». Året etter sel Blue Waves AS Samhold til Bergen kommune. Eit strategisk kjøp i samanheng med rehabilitering av Ytre Arna skule. Kommunen hadde ingen konkrete planar med huset då, og musikkforeninga fekk muntleg løyve til å halda fram med sin bruk i huset som også inkluderte øving.
Huset var ikkje noko vakkert syn utanpå, etter mange år med manglande vedlikehald, og Arne Musikforening – les: for det meste Inge Olsen og kona Kari - gjorde i åra 2017 til 2020 utbetringar av vindauger og maling av veggar og dører for at huset skulle framstå på ein betre måte.