Arne Totalavholdsforening i 1935
M.L. Revheim beskriv korleis Ytre Arna avhaldslag kom med i Samhold:
«Dei medlemmene som var religiøst interessert, meinte at det nye huset(Samhold) ikkje vilde fremja det som godt var. Der vilde ungdommen samla seg med dans og spel, ja kan henda med drykk og. Den 9. juli 1893 melde derfor 42 medlemmer seg ut og skipa Arne nye avholdslag, og som framleis skulle ha møta i Bedehuset».
Forutan «vanlege» avhaldsmøte arrangerte laget i Samhold basarar, men også foredrag og møter med eit meir generelt opplysning- og kulturinnhald. Ein populær Garborgkveld der både Arne Sangforening og Arne Musikforening deltok fylte huset. Ivar Aasgaard og Mons Sletten var ivrige avhaldsfolk og heldt foredrag, viste lysbilde og hadde opplesing frå gode bøker.