Ikkje alle foreningar fekk fast plass i Samhold. Her Arna Mannskor 17. mai 1964.

Nokre lag som ikkje var med i Interessentskapet Samhold:

Arna Mannskor som vart stifta i 1937 og opphøyrde i 1979, var ei kulturell kraft på fabrikkstaden i mange år og hadde diverse øvingslokale, men fekk aldri fast plass i Samhold. Men faste innslag i Samhold og på Samholdsplassen det hadde dei.

Ytre Arna Sanitetsforening hadde under første verdenskrig og ein del år etter, store møte eller opplysningskampanjer om forebygging av tuberkulose og andre sjukdomar. Men det er vel basarane som gjekk over fleire dagar, folk huskar best, og med direktør Bonde som konferansier. Beste basaren vart den rekna som - med rause gevinstar frå AF. Dresstoff av ypperste Arne-kvalitet kunne ingen andre basarar skilta med.

Ytre Arna Husmorlag arrangerte ikkje berre basarar i Samhold, for 27.11.53 annonserte dei i Bygdanytt: «Stor underholdningskveld med skuespel både for barn og vaksne. Dessuten musikk, opplesing, duettar og solosong».

Arna Røde Kors såg dagens lys i 1955 og hadde Gamleskulen som fast base. Men skulle det lagast årsfest eller andre markeringar var gjerne Samhold rette plassen.

Frelsesarmeen brukte huset til større arrangement. Påskeafta 1962 hadde dei for eksempel eit stort sang-, musikk,- og pasjonsmøte.

Søstrene Meyers danseskole har også svinga innom Samhold, og det kunne komma godt med for alle som skulle på parketten i bryllup, store geburtsdagar og andre festar der danseskoa blei lufta.