Snopekiosken
Snopekiosken til Gunnar Langeland som alle måtte innom på 60- og 70-talet, har ein slags kultstatus for kinopublikummet frå den gong. Fanst det større lykke i livet enn å ha nokre kronestykker til overs, leggja dei på disken og la snopevurderingsblikket saumfara hyllene. På nokre få kvadratmeter trylla Langeland fram dei ypperste godsakene. Vi kan enno få vatn i munnen berre av å tenkja på rekruttkaramellane. Dei med sjokoladetrekk. Faste i fisken. Amalgandødaren personleg.