Ole Hylkje
Forsamlingshuset – eller det som vi i dag kjenner som Bedehuset – blei bygt i 1866 og fabrikkeigarane Johan og Jurg Jebsen spela ei sentral rolle. Det vaks etter kvart fram eit rikt kulturliv med ei rekke lag på fabrikkstaden, og alle trong både møte- og øvingskveldar. Forsamlingshuset begynte å bli for lite. Dessuten var ikkje alle like nøgd med at fabrikkeigarane i praksis kunne bestemma innhaldet i aktiviteten.
Lese- og samtalelaget Fram vart stifta 1891 og med Ole Hylkje i spissen tok dei initiativ til å få reist eit nytt forsamlingshus. Fram og nokre andre lag syns også at miljøet i det gamle Forsamlingshuset var både pietistisk og konservativt mot dei frilynte ideane som vaks fram i denne tida.
I 1893 sendte derfor Fram ut eit skriv til Arne Musikforening, Arne Turnforening, Arne Sangforening og Arne Totalavholdsforening med invitasjon om å bygga eit nytt forsamlingshus. Losje Trygg – nok ei avholdsforeining - blei stifta i 1895, og blei også med i byggelaget.
Formann i byggekomiteen var Ole Hylkje. Han hadde også med seg Besse Havre, Johannes Lien og A. Trengereid i styret.