Dans i Samhold

Dansane var svært populære og skaffa kjærkomne pengar i Samhold-kassa. Styret i Samhold hadde ei eiga økonominemnd som arrangerte dansar, men også interessentlaga og Røde Kors var aktive arrangørar.

Avhaldslaga var ikkje like begeistra for noko av denne aktiviteten; for bruken av alkohol særleg utanfor bygget, var ikkje lett å hindra. I Bygdanytt kunne ein lesa innlegg som fordømde desse arrangementa.

Karneval og nyttårsfestar var i mange år også gode inntektskilder for huset, og med fine opplevingar for dei som deltok.

(The Teen Beats, 1964, med trommis Åge Havre frå Ytre Arna på bildet i midten.)