Amatørkonurransane på 50- og 60-talet
Amatørkonurransane som Arne Sangforening arrangerte på 50- og begynnelsen av 60-talet, er legendariske. I Bygdanytt-reportasjane blir det alltid meldt om fulle hus og stor stemning. I 1955 var overskrifta: «Enda det var to framsyningar vart Samhold for lite. Mange slapp ikkje inn. Og i 1956: Mange festlege innslag på Amatørkonkurransen i Samhold. Over 200 menneske slapp ikkje inn.
Og det var sanneleg eit mangfald av innslag: song og musikk, speling på sag, fingerblåsing, diktopplesing, turning, bordtenniskamp, sketsjar og tryllekunstar. Unge som gamle deltok, fleire år etter år.
Salhuskvintetten stilte opp fleire gongar, men blei aldri betre enn nr. 2. Det var ikkje lett å slå dei lokale som for eksempel Vevle-familien.
Bildet av Arne Sangforening er frå1959.