Samhold under krigen

Tyskarane okkuperte Samhold frå starten av krigen i 1940, til litt ut i 1941. Også høsten 43 og vinteren 44 annekterte dei Samhold og arbeidet til laga stoppa opp. Ein 40-50 soldatar var innkvarterte med køysenger i salen. Ei vassrenne utanfor på sørsida av huset vart brukt både til kropps- og klesvask. Dessuten hadde dei fleire kontor og utdeling av matrasjonar i kjellaren.

Tyskarane viste eigne filmar som ikkje andre fekk sjå, medan barnefilmane gjekk sin gang, men med stort sett berre svenske på repertoaret. Filmar frå dei allierte landa kunne ein sjå langt etter.