Jubileumsfeiring i Samhold

Arne Sangforening fyller 25 år i 1912 og var ein svært viktig aktør i Samhold fram til midten av 60-åra.

Arne Musikforening i 1929

Alle har høyrd om dei harde 30-åra, men på Arne Fabrikker var deler av 20-åra ei minst like hard kneik: «komiteen for de arbeidsløses forening tillater seg herved at høre om ikke musikforeningen kan spille et par nummer gratis på basaren lørdag eller søndag aften førstkommende» Og musikken stilte opp denne første helga i desember i 1927 - som dei alltid har gjort.
I 30-åra hadde AMF eit fast basarorkester. Og dei var ikkje arbeidsledige.