Samhold som konsertarena
Samholdsplassen blir igjen fylt ein høstkveld i 1967. Bandbussen til det superpopulære Bodøbandet 1-2-6 parkerer, og den store fanskaren strøymer til, men heltane kjem ikkje ut for dei høyrer på radioen at hiten Greyard Paradise går til topps i Ti i skuddet. NRK-programmet alle ungdommar høyrer på.
«Stemninga i salen blei heilt elektrisk då folk slapp inn. Eg sat på benk 10. Så stod eg på armlenene og ryggen på benk 10. Folk hylte så fælt at vi knapt hørte musikken», fortel Jan Bjørn Ekanger.
Men hysteriet hadde alt i 1966 nådd minst like store høgder. I boka Bergen Beat-Bølgen skriv Arne Herstad: «Nyttårsaften 1966 avsluttet vi med å sette publikumsrekord i Ytre Arna med over 800 i et lokale som var tilpasset 500. Vaktene hadde sin fulle hyre med å be folk om å gå ut og lufte seg litt, til tross for knallkulde ute. Vi var på hjemmebane til Åge Havre». Det er altså The Heart Beats med Liahaugens store trommeslagar som skaper ville tilstandar på fabrikkstaden.