Pinsemenigheten Betania Ytre Arna
Pinsemenigheten Betania i Ytre Arna kjøpte Samhold i 1973 av interessentskapet som då overtok Sentrum; det som i dag er Kulturhuset Sentrum.
Pinsemenigheita gjorde nokre innvendige endringar som å byggja inn galleriet og kinomaskinrommet, og laga leiligheit i denne etasjen. Lyset i festsalen blei skifta, toaletta oppgraderte og anna generell oppussing blei utført. På scena blei det nedfelt eit dåpskar.
På bilda ser vi feiringa av at Betania i Ytre Arna blei eiga menigheit i 1980. Før det var Betania under Tabernaklet i Marken.
Bygget krevde etter kvart ein del vedlikehald og organisasjonen sleit med å få nok folk til dette dugnadsarbeidet. Samhold blei derfor seld til Blue Waves AS i Bergen i 2010. Betania leiga så Samhold i tre år før dei i 2013 slo seg saman med pinsevenner i Salem på Espeland. Pinsekirken Noah er navnet i dag.