Samhold bygt 1897
Grunnstykket Nybrot blei kjøpt av Liabøndene og 9. mai 1895 var det klart for første spatak. I to år hadde alle medlemmer i laga betalt inn 10 øre for veka slik at bygget kunne finansierast. Basarar og konsertar vart arrangerte med god hjelp frå ei eiga kvinneforening. I tillegg kom diverse gaver.
Først stod mange med hardt arbeid i fabrikkane med arbeidstid frå 06.00 til 18.00 mandag til fredag. Lørdag frå 06.00 til 14.00. Så var det å slita og slepa på stein i frå ura mellom Bankaskiftet og Orfallet, eller gyva laus på jord- og steinarbeidet på Samholdstomten. Det står respekt av denne dugnaden, og grunnmuren som var 19m lang og 9m brei stod ferdig i august 1896.
Etter litt fram og tilbake blir det byggmeister Jørgen Torsheim som vinn anbudet på oppføring av bygget. Total byggesum vert kr 8 103,54; der 3 000 er lånt i Haus Sparebank. Men alle dugnadstimane er ikkje rekna inn.