Losje Trygg i april 1945
Avholdsbevegelsen stod lenge svært sterkt i Ytre Arna. Ved 50 års jubileet i 1945 hadde losje Trygg 144 medlemmer og aktiviteten var stor. 1763 møte var avheldt på desse 50 åra. Fram til 1916 hadde dei ikkje eingong møtefri midt på sommaren. Barnelosjen var også populær. I 1919 var det heile 121 medlemmer.
Kva arrangement hadde dei i Samhold? I 1911 hadde losjen for eksempel brevkveld. Særlig stor stas vart det då brevet frå skuespelar på DNS - Gustav Thomassen - blei opplest.
Basar var sjølsagt på programmet, men dei hadde også utluting og pakkeauksjon med Olai Skreien som fast auksjonarius. Men det som alle huskar best var juletrefestane til barnelosjen, med gang rundt juletreet og ellers leik og song og det som høyrer med.