Kino
Spør du folk i Ytre Arna kva som var det beste med fabrikkstaden, kjem kinoen høgt på lista. I 1923 startar den spede historia med film i Samhold. I 1926 er det i faste former med navnet Samhold Kino. Fram til 1933 utan lyd, men med den unge, eminente fiolinisten Lars Rolland og lærar Hodnekvam på piano tryller dei fram dei vakraste tonane som ein illustrasjon til handlinga på den lydlause svart-kvit filmen.
Men det er først etter krigen at kinoen tar av i Ytre Arna. Først kom dei amerikanske filmane til dels i fargar. Deretter kom alle krigsfilmane og i desember 47 kom den første Tarzanfilmen – Tarzan og leopardkvinnen. Men film var ikkje berre film; i annonsa før denne Tarzanfilmen stod det: «Foran filmen Reidar Wikne trekkspill og Asbjørn Rivenes fiolin. Entre kr 2,50. 1 kr går til Europahjelpen».
Faste kinodagar var torsdag og søndag. Barneforestillingane om søndagen vart sett opp slik at ungane på Valestrand og Haus kunne reisa heim med ruteferja …