Biblioteket i Arnegården
I 1984 går leigeavtalen med huseigar av «Ungkaren» ut. Flyttelasset med dei no om lag 10 000 bøkene går til Arnegården og ei meir sentral plassering i bybildet.
Dukketeateret eit populært innslag
Populært er det når Frøknene Frydenlunds Dukketeater med Vibeke Mowinckel Lorentz i spissen, er på besøk. Men til dagleg er det Helene Liebenberg som formidlar den gode barne- og ungdomslitteraturen med stor entusiasme og kunnskap. Dei vaksne kunne berre spørja etter ei god bok, og ho visste kva dei var ute etter. Men plasseringa i tredje etasje var ikkje heilt ideell, og då Kulturhuset Sentrum hadde god bruk for ein «solid» leigetakar, flytta biblioteket rett over vegen i 1995.