Leseforeninga

Leseforeninga vart stifta i 1866 med tilhald i Forsamlingshuset - dagens Bedehus - som vart oppført dette året. Men bibliotekhistoria går enno nokre år tilbake, for M.L. Revheim skriv: «Til leseforeningi skulde «Arnevågens nuværende bibliotek henlegges».

Bok frå Lese- og samtalelaget Fram 1891-1914, ein av stiftarane av Samhold

Leseforeninga var berre for konfirmerte menn som betalte kontigenten på 60 shilling i året. Åpningstida var 19-21 to kveldar for veka og 15-20 om søndagane om lokalet ikkje var til anna bruk. Lærar Hauge var den første bokutlånaren av dei 150 binda arva frå Arnevågens bibliotek.

Medlemstalet dei første åra låg mellom 50 og 60. Leseforeninga blei oppløyst i 1884, men ordninga med bokutlån fortsette.