Biblioteket i Arbeidsskulen
I 1908 vart lærar og seinare skulestyrar Mons Sletten bokutlånar, og Haus herad overtok boksamlinga som då kom inn under reglane for folkeboksamlingar. Lokalet i Bedehuset vart etter kvart for lite, og i oktober 1949 flytta biblioteket inn i kjellaren på Arbeidsskulen eller den karakteristiske raude «drakebygningen» i Peter Jebsens veg, rett nedom gamleheimen eller i dag Kyrkjelydshuset. Skulestyrar Jakob Alsåker overtok som bibliotekar etter Sletten i 1939, og hadde stillinga i 20 år.
Bygdanytt skriv at biblioteket som no er på 3 000 bind, er flytta frå eit lite kott og inn i eit vakkert, lyst og moderne utlånsrom med lesesal.
Lokalet i Arbeidsskulen var likevel relativt utfordrande: Det draup frå taket, vinterstid måtte ein sjå opp for takras og trappena var blankpolerte med is. Einar Revheim var ansatt som assistent i 1943 og fekk rikeleg med trening av flyttemuskulaturen, fordi Arbeidsskulen fleire gongar måtte ha lokalet der bøkene var plasserte. Revheim overtok som bibliotekar etter Alvsåker i 1959.