Biblioteket på plass i "Ungkaren"
15. august 1970 var ei stor hending i det som den gong heitte Ytre Arna folkeboksamling: Innviinga med stor festivitas av dei nye lokala i «Sentrum pensjonat for unge menn», eller «Ungkaren» som folk sa og seier, med ordførar og biblioteksjefar frå omegnskommunane på gjestelista. Arne Fabrikker kunne fortsatt legga godviljen til, og leigde ut 160 m2 av første etasje med to store rom, peisestove, stor garderobe, arbeidsrom for bibliotekaren med magasin, kjøkken med utstyr til 150 personar, salongar og eit piano.
Meininga var at også pensjonistane kunne bruka peisestova som dei ville på dagtid då det ikkje var bibliotekdrift. Lesa aviser, spela kort eller kanskje eit parti sjakk, løysa verdensproblema eller berre ta seg ein røyk – innandørs selvfølgeleg. Lokalet blei også leigd ut til ulike organisasjonar på kveldstid.
Representanten frå fylkesbiblioteket uttrykte seg slik: «Ytre Arna har fått eit kultursentrum som kan bli eit eksempel for andre kommunar som går med planar om nye biblioteklokaler».