Turntroppen kort etter hundreårsskiftet.
Laga som bygde og eigde Samhold fekk tildelt ein dag i veka til aktivitetane sine. Turnforeninga fekk tildelt laurdagskvelden på deling med leselaget. Dette var ei lita heldig løysing. Det kunne ikkje vera meining i at desse spreke turnarane skulle driva med hoftefest og strekkstøyt heile laurdagskveldane medan unge jenter tusla forventningsfullt rundt ute på vegen utan å møta ein skikkeleg kar. Og trass gleda ved å koma i hus gjekk medlemstalet ned.
Men det skulle snart gå oppover att. Tyskaren Oskar Lempe, appreturmester i Ullvarefabrikken, var ein storturnar. Han kom inn som eit friskt pust i turnforeninga. Den entusiastiske Lempe samla sjølv inn pengar til ny hest som vart kjøpt inn frå Tyskland.
Og snart kom det ein ny generasjon turnarar som viste gode takter, som Ole Rolland og Mons Hermansen. Desse to var ofte på øvingar i Bergens turnforening for å perfeksjonere seg.
Turnforeninga skulle få oppleve ei stor sorg då stiftaren Ole Hansen døydde i 1906, berre 37 år gammal.