Elddåpen i 1919 under navnet Arna turn og idrettslag.
Den store hendinga i Bergen i 1919 fortener ei utførleg skildring.
Hardtrening laut til før dei skulle visa seg fram i Bergen, langt ut over dei vanlege kveldane ein gong i veka i Samhold. I sure kalde vårkveldar var det friluftsrening i Tuftadalen.
Dei drog til byen laurdagen. Dei samlast ved Samhold, og under fana med musikk av Arne Musikforening marsjerte dei til kaien. Der utbrakte dei tre ganger tre hurra for musikkforeninga. I Bergen tok dei inn på Bondeheimen og hadde det riktig komfortabelt. Og referatet lyder vidare:
"Etter en flott mottakelse på fjorden kl. 8 morgen, der vi var med i full festdrakt og med egen fane, bar det innover til byen igjen. Fin frokost i Turnhallen og enda finere middag på Fløyen, før samling på Bergen Rådstueplas for avmarsj til Møhlenpris lekeplads. Opvisningen gikk godt, vi var fornøiet med os selv når vi unntar sprangene".
Etter oppvisningen var det stor fest Turnhallen til klokka elleve før dei halv tolv reiste frå Bergen med leigd motorbåt. Klokka to om natta var dei heime.