Sigurd Lien reiste turnforeninga av dvalen i 1910.
Etter nye år med laber aktivitet, reiste Sigurd Lien turnforeninga opp av dvalen igjen i 1910. Han fekk innført skisport og friidrett i foreninga i tillegg til gymnastikk og turn.
Han var og mannen som første gong tok opp spørsmålet om idrettsplass i Ytre Arna. I årsmeldinga i 1910 skriv han: "Anskaffelse av idretsplass er nu den største og første sak turnerne må ta seg av".
Det blir sett i gang arbeid på "Tøftna" (der Ytre Arna skule no ligg). I årsmeldinga i 1912 heiter det: "Det påbegyntes et ivrig arbeide på Tufterne for at skaffe foreningen en foreløbig brugbar idretsplasds, men orket ikke å fuldføre planen".
Mangelen på skikkeleg instruktør hemma arbeidet i mange år. Sigurd Lien tok på seg denne oppgava, men han flytta til Bergen alt i 1913.
Året etter kom turnarar frå Bergens turnforening til Ytre Arna tre søndagar for å instruere i gymnastikk og turning, og det viste seg å vere av stor betydning for foreningen, heiter det i årsmeldinga.